Tuesday, October 6, 2009

Verdspremiere!


Det fyrste diktet som får frægda av å opne Diktkroken er debutkvadet mitt " Eg vil". Det vart framført i det anerkjende radioprogrammet Levemenn for ei tid tilbake, og det gav meg mykje positiv åtgaum. Diktet er basert på mine eigne røynsler frå spelet mellom mann og kvinne.

Eg er forøvrig innom Levemenn med jamne mellomrom. Der les eg opp dikt i mi eiga spalte, "Eazy-Aasens Diktstund", i tillegg til å drøse om felles interesser med podane i redaksjonen. Me held det ekte!

Eg vil


Eg vil berre pløye deg

Eg vil berre pløye deg som jordfresaren pløyer den harde vintermarka

Eg vil berre knagge frekke tauser

Tenkjer tilbake på alle dei nettene eg ikkje hadde tauser

Medan eg no tappar bakendar så det held

Sint på gutevenen din, er du vel?

Du er ei uforskamma jente, eg må daske deg

Eg er takksam for blåsejobben du gav meg


Eg vil berre pløye deg

Ingen kladding eller kløing, du har ein husbonde som har hugnad i deg

Eg vil berre pløye deg

Me kan ikkje kysse eller kjærteikne, fordi du har ein husbonde som har hugnad i deg

Eg vil berre pløye deg

Eg vil



Dei som har høyrd på Levemenn har sikkert fått med seg at nokre tjuvar, som held på andre sida av atlanterpytten, freistar å stele frå lyrikken min. Til dykk andre som ikkje har høyrd spalta mi, så får de her høve til å sjå/høyre plagiatet med eigne augneøyrer.

Link til songen der du tydeleg høyrer at denne doktoren har stelt av meg:


Eg vert eitrande sinna!


Hyperkopling til Levemenn:

No comments:

Post a Comment