Saturday, October 17, 2009

Negrar med attityd



Bandittar har nok ein gong sett sitt snitt til å uløyves bruke element frå åndsverket mitt. Diktet "Gutane i bråtet" har vorte gjenstand for ulovleg kopiering og valdtekt. Denne gongen er det rapgruppa N.W.A(negrar med attityd) frå Compton i statane som har drive med tjuvskap. I låta Boyz-N-The-Hood kan ein tydeleg høyre att mine diktstrofer . Den einaste skilnaden er at dei er på oversatt til det fordummande skriftspråket 'engelsk'. Her talar me til tider om direkte oversetjing og samanlikne "Gutane i bråtet" med deira låt "Boyz-N-The-Hood":

http://www.youtube.com/watch?v=_i-n_NhSHmI

Eg kjenner svartsinnet tek over og eg må hava utlaup for aggresjonen min!

Tuesday, October 13, 2009

Hallo sylfider, spelarar og kvinner!



Til alle dykk som ventar i spaning på publisering av nytt materiale: No er tida endeleg inne! Trekk opp den beste vinflaska du har, set på ei plate av D'Angelo og fyr i peisen. Ta deg ein sup vin og len deg attende i sakkosekken. Aaah. Stemninga er der.

Det andre diktet du får servert på sølvfat her i diktkroken er " Gutane i bråtet". Diktet er tufta på kompleks kvardagsfilosofi og livsviktig gateklokskap. Verket vart framført ved eit tidlegare høve på radioprogrammet Levemenn. På koplinga under kan du klikke deg inn og høyre heile sendinga:

http://www.voldastudentradio.no/arkiv/index.php?dir=&sort=date&order=desc


Gutane i bråtet


Eg vakna opp rundt nons

Tenkte eg matte vere i Hovdebygda snart

Eg må bli animert før dagen byrjar

Før mor mi startar å kvine om venene mine

Unge kvitingar kast opp ditt handteikn

Rånar ned stripa i min Opel Kadett

Spelar med tausene, klaskar til møyene

Fordi gutane i bråtet er alltid harde

Dersom du kjem og talar stygt drar me kortet ditt

Veit ingenting i livet utanom å vere legitim

Ikkje siter meg gut fordi eg seier ikkje ein drit

Han skreik ut fyr laus, så kom Suzi

Ludderet kom inn med ein semi-auto uzi

Politiet skaut tausa, men skada ho ikkje

Ferdig

Tuesday, October 6, 2009

Velkomen tauser, møyer og spelarar

Hallaisen og velkomen til Eazy-Aasens interaktive diktkrok. Her kan du nyte både gamle og nye dikt, samt ta del i min enorme livsvisdom. Det er òg stort sannsyn for at nokre krydra historiar frå min saftige kvardag kjem på trykk.


Du har mykje snadder i vente, så hald deg oppdatert!

Verdspremiere!


Det fyrste diktet som får frægda av å opne Diktkroken er debutkvadet mitt " Eg vil". Det vart framført i det anerkjende radioprogrammet Levemenn for ei tid tilbake, og det gav meg mykje positiv åtgaum. Diktet er basert på mine eigne røynsler frå spelet mellom mann og kvinne.

Eg er forøvrig innom Levemenn med jamne mellomrom. Der les eg opp dikt i mi eiga spalte, "Eazy-Aasens Diktstund", i tillegg til å drøse om felles interesser med podane i redaksjonen. Me held det ekte!

Eg vil


Eg vil berre pløye deg

Eg vil berre pløye deg som jordfresaren pløyer den harde vintermarka

Eg vil berre knagge frekke tauser

Tenkjer tilbake på alle dei nettene eg ikkje hadde tauser

Medan eg no tappar bakendar så det held

Sint på gutevenen din, er du vel?

Du er ei uforskamma jente, eg må daske deg

Eg er takksam for blåsejobben du gav meg


Eg vil berre pløye deg

Ingen kladding eller kløing, du har ein husbonde som har hugnad i deg

Eg vil berre pløye deg

Me kan ikkje kysse eller kjærteikne, fordi du har ein husbonde som har hugnad i deg

Eg vil berre pløye deg

Eg vil



Dei som har høyrd på Levemenn har sikkert fått med seg at nokre tjuvar, som held på andre sida av atlanterpytten, freistar å stele frå lyrikken min. Til dykk andre som ikkje har høyrd spalta mi, så får de her høve til å sjå/høyre plagiatet med eigne augneøyrer.

Link til songen der du tydeleg høyrer at denne doktoren har stelt av meg:


Eg vert eitrande sinna!


Hyperkopling til Levemenn: