Tuesday, October 13, 2009

Hallo sylfider, spelarar og kvinner!



Til alle dykk som ventar i spaning på publisering av nytt materiale: No er tida endeleg inne! Trekk opp den beste vinflaska du har, set på ei plate av D'Angelo og fyr i peisen. Ta deg ein sup vin og len deg attende i sakkosekken. Aaah. Stemninga er der.

Det andre diktet du får servert på sølvfat her i diktkroken er " Gutane i bråtet". Diktet er tufta på kompleks kvardagsfilosofi og livsviktig gateklokskap. Verket vart framført ved eit tidlegare høve på radioprogrammet Levemenn. På koplinga under kan du klikke deg inn og høyre heile sendinga:

http://www.voldastudentradio.no/arkiv/index.php?dir=&sort=date&order=desc


Gutane i bråtet


Eg vakna opp rundt nons

Tenkte eg matte vere i Hovdebygda snart

Eg må bli animert før dagen byrjar

Før mor mi startar å kvine om venene mine

Unge kvitingar kast opp ditt handteikn

Rånar ned stripa i min Opel Kadett

Spelar med tausene, klaskar til møyene

Fordi gutane i bråtet er alltid harde

Dersom du kjem og talar stygt drar me kortet ditt

Veit ingenting i livet utanom å vere legitim

Ikkje siter meg gut fordi eg seier ikkje ein drit

Han skreik ut fyr laus, så kom Suzi

Ludderet kom inn med ein semi-auto uzi

Politiet skaut tausa, men skada ho ikkje

Ferdig

No comments:

Post a Comment